Ny trekning i TILs Julekalender for laurdag 6. desember og ein ny dag med 4 nye gevinstar som skal fordelast mellom ivrige loddkjøparar rundt omkring i Noregs land. Dagens første gevinst er ei flott toalettmappe som vart trekt ut til Marie Ness som altså er busett i Molde.
Gevinst nr 2 er eit sokkpar som også hamnar i Molde, der Per Ørsal er vinnaren. Gevinst nr 3 er eit par Selbuvottar, der Edin Kristian Saksen Sydow vart vinnar og gevinst nr 4 er ein Bretthengar, der Marit Sanden Søyset er trekt ut som vinnar.
Som vi alltid har sagt, så kan vinnarane berre ta det med ro, for dei blir kontakta av TILs trimgruppe for å avtale henting/overlevering av gevinstar. Samtidig nyttar vi høvet til å ønske både vinnarane og andre loddkjøparar ei riktig god helg. Neste trekning blir søndag morgon – og som vanleg kl 06:00.




