Da har vi trekninga klar for fredag 5. desember – ein ny dag med 4 gevinstar, og vinnarar som er godt spredd. Vi går beint på sak og kårar den første vinnaren i dag, som er Magnar Vikan, som er vinnar av ei flott julestjerne i MøreRoyal og som er flott pynta med lyslenke. Bla om så finn du dei tre neste vinnarane:
Gevinst nr 2 er nemleg eit par Selbuvottar som hamna i Kristiansund, hos Ragnar Ness. Gevinst nr 3 er eit årsskrift 2025 for Todalen historielag og Halse-heftet «Kring gamle Tovadal». Her vart det Jenny Kvendset som vart den heldige vinnaren. Fjerde og siste gevisnt er ein sekk med tørr og fin bjørkeved, og den vann Janne Rangnes.
Og som vi har poengtert tidlegare, så kan vinnarane ta det med knusende ro til TILs trimgruppe tek kontakt for å avtale henting/levering av gevinstar.
Jenny Kvendset vann gevinst nr 3 som er eit årsskrift for 2025, samt eit Halse-hefte «kring gamle Tovadal» frå Todalen Historielag
4. og siste gevisnt var det Janne Rangnes som «stakk av med» – det var ein sekk med bjørkeved.
Det var alt for i dag – vi kjem att i morgon kl 06 med ny trekkjing for laurdag 6. desember – og vidare kvar dag framover til og med julaftan.




