I dag er det 4 nye gevinstar som skal få nye eigarar. Spenninga er på topp no, som det er berre 5 dagar at før vi er i mål med julekalenderen. Den første gevinsten i dag er ein pakke med prima klippfisk, og her var det Joar Østbø som trekte det lengste strået og stakk av med den.
Dagens andre gevinst var eit glas med Brune pinner, og her var det Liv Larsen som vart den heldige vinnaren. 3. gevinsten i dag er ein kjøkkenklut som hamna hos Arndis og Magne Søyset. Dagens siste gevinst er ein strikkehals & sokker – her vart det Kari og Gudmund Kvendset som vart heldige vinnarar.




