Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender 2026 – no startar salet

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. november 2026

Trimgruppa i Todalen IL har dei siste åra hatt stor suksess med sal av julekalendrar, der dei har trekt fleire gevinstar kvar dag i adventstida.  I fjor var det mesta hundre kortreiste gevinstar som var med i lotteriet. 

I år ser det ut som vi kan fortsette suksessen – det er alt no meldt inn mange gevinstar som er heimlaga og kortreist – og fleire vil det nok bli fram til 1. desember når vi trekkjer dei første gevinstane, seier Torill Talgø som er leiar i TILs trimgruppe.

Som i fjor er det Vipps som gjelder.  Prisen er kr 100,- pr stk., og du betaler med Vippsnr 523022 – og hugs å skrive namn på Vippsmeldinga slik at vi finn vinnarane.  – Kjøp lodd og bli ein vinnar!

Først publisert: 5. november 2026, 15:00 - Sist oppdatert: 8. november 2026, 16:59