Det har vore knytt stor spenning til TILs Julekalender, som har vore i sal i heile november. No er det slege sluttstrek for salet, og no startar altså trekninga som går kvar dag frå måndag 1. desember, til og med 24. desember – altså fram til jul. Todalen.n legg ut resultat av trekninga kvar morgon kl 06:00 og da reknar vi med at det blir kø for å sjå kven som har vunne.

TILs trimgruppe har hatt ei travel helg – men no er alt klart og trekninga er i gang. Foto Jon Olav Ørsal
Det blir mange vinnarar i årets lotteri, for det er kome inn over hundre gevinstar, så det blir opptil fleire gevinstar som blir trekt ut kvar dag. Så her er det berre å følgje med for har du kjøpt lodd så har du stor sjanse for å bli ein vinnar. Det er selt litt over fire hundre lodd, så vinnarsjansen er faktisk bortimot 1:4. Inntekta frå kalendersalet går uavkorta til drift av TILs trimgruppe, så har er deu med og støttar ei viktig gruppe i bygda. Dei driv mellom anna Romjulsmarsjen, Gunnøydilten, Kjerringdilten og aktivitetar på Bordholmen og Tjønnmyran.
Felle for alle vinnarane er iallfall at det blir kontakta av TILs trimgruppe for å avtale utlevering av gevinstane – så derfor er det berre å vente til dei tek kontakt.
Men så var det vinnarane da – på den første dagen i desember er det trekt ut 3 vinnarar, og aller første namn på lista er Anton Brusethaug, som har vunne eit par Selbuvottar.
Vinnar nummer 2 er Kristian Gjeldnes som har vunne eit glas med Lynghonning som er eit sunnt og godt næringsmiddel som er produsert lokalt i Todalen
Gevinst nr 3 for måndag 1. desember er ein heimestrikka kjøkkenklut som er strikka, eller kanskje den er hekla? Vinnar er iallfall Lidvard Sandven (c/o Anne Søyset).



