Laurdag er det aksjonsdag for sal av TIL trimgruppas Julekalender 2025. Det er alt selt mange julekalendrar som har hamna rundt omkring i heile landet, men i dag er det altså aksjonsdag med sal i Kaffekroken på butikken. Heile styret i Trimgruppa er på plass for å servere gratis bakels og graut til kaffegjestane i Kaffekroken denne laurdagen.
Trimgruppa reklamerer for julekalenderen som sjølvsagt er digital og som også kan kjøpast med vippsnummer 523022, og som kostar kr 100,- pr stk. Dersom du kjøper til andre enn deg sjølv, så må du skrive namnet til loddeigaren i meldingsfeltet i vippsen – enkelt og greit.

Terje Nordvik var dagens første loddkjøpar – her er det Sissel Halset Storslet som er selgar. Foto Jon Olav Ørsal
Så er det berre å gle seg på trekninga som startar den 1. desember og som går kvar dag til og med julaftan 24. desember. Det er massevis av fine og kortreiste gevinstar fortel trimstyret som blir på plass på Matkroken Todalen utover dagen til stengetid kl 16:00.



