TILs Trimgruppe satsar stort på årets «Julekalender» som blir ein god tradisjon. Trimgruppa følgjer opp suksessen frå dei to siste åra der det er trekning frå 1. desember og kvar dag fram til jule. Det er fleire gevinstar kvar dag, og det er like stor spenning kvar dag når vi på Todalen.no publiserer vinnarane kl 06:00. Trimgruppa er alt i gang med salet av julekalenderen på nett, men laurdag 22. november blir det sal av TILs Julekalender på Matkroken Todalen. Da blir det og graut og bakels å få til kaffen i Kaffekroken.

Kjøp julekalender – og vinn! Sidsel Halsen Storslett med plakaten med Vippsnummeret på – 523022 er Vippsnummeret og prisen er 100 kroner pr julekalender. Fotomontasje Jon Olav Ørsal
Det unike med TILs julekalender er at det er kortreiste gevinastar, som er laga av Trimgruppas venner i nærmiljøen – det kan være alt frå ein sekk bjørkved til ein pose nykoka smultringar – og mykje anna. Du kan kjøpe så mang kalendrar du vil – tykkjer deu det er lettvintare å kjøpe med VIPPS så kan du gjera det. Kvar kalender kostar kr 100,- og kjøper du via Vipps som skriv du berre i meldingsfelten kva namn som skal brukast. Vippsnummeret er 523022 – og du kan kjøpe julekalendere til slutten av november. 

