Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TILs Julekalender – finale og trekning for onsdag 24. desember

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. desember 2025

Da er vi faktisk komne til siste trekning for årets julekalender i regi av TILs trimgruppe. Årets Julekalender har føyd seg inn i suksessrekkja og etter at 94 gevinstar er fordelt på over firehundre julekalendrar og nærare 45.000 blanke kroner til Todalen Idrettslags trimgruppe, må det være lov å kalle kalender-prosjektet for ei stor suksess. På finaledagen går den aller første gevinsten som er ei juleklokke i tre til familien på Myrmo i Myrjarvegen.  

Dagens andre gevinst er 3 vedsekker som vart vunne av Ragnhild A. Moe. Foto TIL

Dagens andre gevinst er 3 skkar med bjørkeved som er trekt ut til Ragnhild A. Moe på Kvernhaugen.   Tredje gevinst i dag er eit bilde/maleri som er vunne av Kristen Bruset i Brusetnesset og fjerde og siste gevinst i årets julekalender er ein genser som er vunne av Turid Sæther Todalshaug.  Trimgruppa tek kontakt for å avtale henting eller bringing av gevinstar. 

Den tredje gevinsten i dag er eit kunstmaleri som vart vunne av Kristen Bruset. Foto TIL

Fjerde og siste gevinst i årets julekalenderlotteri er ein strikka ullgenser – vinnar var Turid Sæther Todalshaug. Foto TIL

TILs trimgruppe – gjengen som har stått bak prosjektet med TILs julekalender er Anita Talgø, Lars H. Kvendset, Sissel Halset Storslett og Toril Talgø (leiar). Foto Jon Olav Ørsal

Dermed er vi i mål med TILs Julekalender, og TILs trimgruppe vil nytte høvet til å takke alle som har bidrege med kortreiste gevinstar til lotteriet – og sjølvsagt ein stor takk til alle som har bidrege med loddkjøp. 

Først publisert: 24. desember 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 22. desember 2025, 20:22