Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilbod om gratis transport for eldre til frivilligsentralen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. desember 2025

Surnadal frivilligsentral har gjennom tilskotsordninga «Tilskuddsordning for aldersvennlig frivillighet og lavterskel møteplasser for eldre» fått midlar for å finansiere transport til og frå frivilligsentralen. Så har ein lyst til å vere med på bridge på måndag 8.12. , kaffelag på tysdag 9.12. eller bingo på torsdag 11.12., da er det mogleg å bestille transport til og frå frivilligsentralen i Fiskegården på Skei. 

BRIDGE
Måndag 8. desember klokka 12:30 – 14:30 inviterer Treffast til Bridge. Dersom ein ikkje har spela bridge før, så blir det gjeve opplæring. Det er sal av kaffe. 

KAFFELAG
Tysdag 9. desember klokka 11:00 – 13:00 inviterer «Tirsdagsklubben» til gratis kaffe og noko å bite i. Ta med strikketøyet lån pinnar og garn og kom innom på ein prat!, er oppfordringa.

Klokka 14:00 – 16:00 inviterer Surnadal Røde kors til ettermiddagskaffe, der dei sel både kaffe og lodd. Så her kan ein både bli traktert og bli ein vinnar!

BINGO
Torsdag 11. desember klokka 12:00 – 13:30 inviterer treffast til bingo. Her blir det tre rundar med bingo og flotte premiar. Også her er det sal av kaffe!

Påmelding for transport til Surnadal frivilligsentral på telefon 478 75 485. Det er begrensa med plassar i høve til transport, så her er det prinsippet om «først til mølla» som gjeld! 

Når Surnadal Taxi har sett opp køyreruta, vil ein få beskjed om avreisetidspunkt. 

Ved spørsmål, kontakt Surnadal frivilligsentral: 478 75 485

Arrangement med gratis transport på Surnadal frivilligsentral

Publisert: 3. desember 2025, 20:24