Eit flott hekla pledd til barnevogn er funne i Toåa tursti. Det er einsfarga i ei blåfarge og har eit fint hekla mønster, og ser ut til å være tilpassa bruk på ei barnevogn. Pleddet er funne ved reiskapshuset (der kantslåmaskina er lagra) og er hengt opp på ein grensepåle i vegkanten der. Den rette eigar finn pleddet der, og kan hente det sjølv.
