Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk frå Sanitetsforeninga med snorklipping og kake

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. mai 2026

I løpet av våren er det bygd tre carportar ved Sanitetshuset. Her er det ein dugnadsgjeng som har gjort ein fenomenal stor innsats.

Solveig Glærum takkar dugnadsgjengen. Frå venstre: Solveig Glærum, Kristian Gjeldnes, Carsten Bohle, John Moe og Magne Søyset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Leiar Solveig Glærum retta ein stor og hjarteleg takk til dugnadsgjengen: Kristian Gjeldnes, John Moe og Magne Søyset. I alt vart det cirka 280 dugnadstimar! I tillegg takk til Talgø for god og rimeleg pris på materiale, til Carsten Bohle for stolpar, blomster frå Matkroken og Jon Bruset som stilte med fine bukettar med liljekonvall. Solveig takka også for den gode støtta Saniteten får frå bygdefolket. Så var det klart for snorklipping og applaus!

Innomhus vart det servert riktig god kveldsmat og marsipankake.

Fleire bilete:

Fin og god kake! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Tre romslege carportar – eit etterspurd tilbod frå leigebuarane i Sanitetshuset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kveldsmatkomiteen. Frå venstre: Solveig Glærum, Jorunn Hals Ørsal, Arndis Søyset, Ragnhild Ansnes Moe, Helen Molde Saksen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Godt oppmøte. Hustre ver. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Dugnadskarar. Kristian Gjeldnes og Magne Søyset. Foto: Synnøve Hole Talgø.

 

 

Publisert: 27. mai 2026, 21:31