Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ta turen i turstien langs Toåa.

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. juli 2021

Toåa tursti har vi nok omtal fleire gong tidlegare, men reknar med at det er på sin plass med litt repetisjon.  Det er nok mange tilreisande turistar i Todalen som treng tips til turar og aktivitetar for både store ogs små.  Toåa tursti vart teken i bruk til ferien i 2020, og er eit prosjekt som er bygd ut i regi av Todalen idrettslag. 

Gapahuken i Gunnøya – her ligg trimboka i postkassen og ventar på deg! Foto: Jon Olav Ørsal

Turstien går frå Trøbakkan og nedover langs elva til Halsabrua – ei strekning på 1,8 km.  På denne streninga er det opparbeidd ein gangsti, der det går an å bruke både barnevogn, rullestol og rullator for å kome fram.  Spesielt er det tilrettelagt for funksjonshemma på strekninga frå Trøbakken og ned til gapahuken og fiskerampen i Båthølen.  

idyll langs elva – her frå nedre Øddøyhølen Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen I.L. har lagt ut trimbok i postkassen i Gunnøya, der du kan registrere deg og være med å konkurrere om å ha flest turar – eller være med på trekning om ein premie.  Sjølvsagt kan du gå så langt du vil og snu der du finner det forgodt.  Det er også stor sannsynlegheit for at du treffer ein eller annan på turen, men det er slett ikkje sikkert.

Laurdag morgon var det reint så idyllisk nedover turtraseen – nedanfor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå turen langs Toåa – alle foto: Jon Olav Ørsal

IMG_E6532

Image 2 of 8

Namnet på hølane er skilta langs elvebredda

Publisert: 24. juli 2021, 17:54