Tysdag 24. mars er det klart for årets utgåve av Kirkens Nødhjelp sin tradisjonsrike fasteaksjon i Surnadal kommune. Da vil årets konfirmantar i kommunen, saman med sokneråda og andre frivillege, gå frå dør til dør med innsamlingsbøssene sine. Dei tek imot både Vipps og kontantar. Vippsnummeret er 2426!
– Bidraget til verdas sårbare, både frå dykk som gir og frå dykk som samlar inn, har kanskje aldri vore så nødvendig som no, heiter det i ei pressemelding frå den lokale innsamlingsleiaren for kyrkja i Surndal.
– Når bøsseberarane kjem på døra di, håper vi du vil vere med på vårens viktigaste dugnad. Vi ser at det nyttar!, heiter det til slutt i pressemeldinga.


