94 gevinstar og 45.000 blanke kroner vart resultatet av fjorårets julekalender som TILs Trimgruppe arrangerte som nettlotteri. Dette er hovudinntekta på Trimgruppas budsjett, og er med og finansierer store aktivitetar som Romjulsmarsjen, Gunnøydilten, trimposter i «Turer i Todalen» i tillegg til andre aktivitetar. Det er eit enkelt og kortreist lotteri, der deltakarane sjølve stiller med gevinstar og sørger for å kjøpe lodd for å bli med på trekninga, som skjer kvar dag i desember fram til jul. Det er 3-4 gevinstar kvar dag, og det er spenning heilt til siste trekning som skjer på sjølvaste julaftan.
Kortreiste gevinstar
I samband med lotteriet til TILs julekalender er ein avhengig av gode givarar som bidreg. Gevinstane kan være alt frå bakverk, strikking, treskjering, fyringsved eller andre ting. Einaste kriteriet er at det skal være sjølvlaga, eller rettare sagt heimlaga, seier Anita Talgø i TILs Trimgruppe.

Etter kvart blir det kalendersalg på Matkroken – her er sikra Terje Nordvik seg nokre kalendernummer hos Sissel H. Storslett i fjor. Arkivfoto Jon Olav Ørsal
Lågterskel tilbod
Trimgruppa i Todalen Idrettslag gjentek suksessen frå dei siste åra med kortreist julekalender. I samband med dette er dei avhengig av at gode givarar bidreg med kalendergåver.
Dette kan vere alt frå bakverk, strikking, ved, treskjering osb. Einaste kriteriet er at det skal vere laga av nokon med tilhøyregheit til Todalen, men gjerne born eller utabysbuande.
Ta kontakt med oss i trimgruppa:
Har du noko å avsjå/bidra med, håper vi du tar kontakt med nokon av oss i Trimgruppa:
- Torill 922 14 867
- Anita 913 38 060
- Lars 909 69 776
- Sissel 468 16 169
Trimgruppa håper på god respons på årets julekalender som er like rundt hjørnet!

