Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Synleggjorde skaparverket under friluftsgudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2026

Det høvde faktisk godt at det var skaparverket som var tema for søndagens friluftsgudsteneste i Svinviks arboret.  To unge gutar vart døpt under gudstenesta, og midt under dåpshandlinga var det mildt sagt høljeregn.  Skaparverket handlar om fire element, vatn, luft, jord og eld, og ein treng ikkje overdriva for å seie at vi fekk føling med vatnet i dag. 

Pål prest gjorde det beste ut av regnvêret under friluftsgudstenesta. Skaparverkets dag var eit høveleg og aktuelt tema. Foto Jon Olav Ørsal

Prekena var så absolutt til ettertanke, når ein tenker på at vi skal overlate jorda slik at etterkommarane kan leve og virke her og sørge for at den skal leve vidare i generasjonar.  Deror er det viktig å forvalte jordas ressursar på ein slik måte at vi unngår at klimaendringa skaper problem i framtida.  

Dei to dåpsbarna Håkon og Terje med foreldre. Foto Jon Olav Ørsal

Dei to dåpsbarna – Terje Børmark-Talgø og Håkon Sæter Heggset kjem nok til å oppleve meir enn berre dåpsdagen i lag, og kanskje regnvêret på dåpsdagen berre er ein minnerik start på eit langt liv med skule og fotball og mykje anna. 

Her er dagens første dåpsbarn – Terje Børmark-Talgø

Dagens andre dåpsbarn var Håkon Sæter Heggset

Det var Pål Arne Wingsnes som heldt dagens preken, medan Borghild hadde ei dobbeltrolle i dag – både som tekstlesar og om bestemor til dåpsbarnet Terje.  Elles var Amund Valde organist på improvisert el-orgel og Frank Spoon Botten var kyrkjetenar.  Todalen sokneråd var vertskap og sørga for kyrkjekaffe etter gudstenesta.  Dagens takkoffer går til Kirkens SOS, og dersom du vil kan du bidra via Vipps nr 506908 til Todalen sokn. 

Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er søndag 13. september kl 11:00.  Da vil kyrkja presentere neste års konfirmantar. 

Etter regn kjem det alltid sol – værgudane kvitterte for regnet med eit lite solgløtt. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. august 2026, 13:04