Måndag kveld starta sykkeltrimmen på igjen etter ein lang og kald vinter med inneaktivitetar på «Hett & Svett» i vintermånadane. Terje Nordvik, som er primus motor for dei trimglade pensjonistane fortel at det var 10 deltakarar som møtte opp første kvelden.
Første sykkelkvelden vart det ein roleg tur rundt bygda og avslutta med ein tur utover stranda. Etterpå vart det som vanleg eit kjapt kaffekaffelag på balkongen hos Anders Mo, der Odd Arild Sande var kveldens kafévert.
Neste måndag er det ny rute som køyres – da blir det til Svinvika om Gjeldnesvegen og utover gammelvegen til Svinvika og avslutning med ein runde rund Toåa tursti. Har du lyst til å være med kan du møte på Matkroken kl 18:00 – påmelding til Terje Nordvik på telefon 91338052.

