Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka inviterte til familiedag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. juni 2026

I samband med Midtsommar i Surnadal, arrangerte Svorka familiedag på parkeringsplassen utanfor Svorkabygg laurdag. Her var det mange lærerike aktivitetar, servering av bakels, kaffe og is. I tillegg fekk alle straumkunder, som ville ha, utdelt to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.

Lærerike aktivitetar frå Vitensenteret

Her kunne ein få prøve forskjellege aktivitetar som fremma kunnskap om elektrisitet og straumnett. Vitensenteret avdeling Innlandet hadde laga forskjellege aktivitetar der ein kunne prøve seg åleine, eller i grupper.

Espen Røv er operasjonell leiar i Svorka. Foto: B G ansnes

– Det er viktigaste med aktivitetane vi har, er å fremme interessa for matematikk, fysikk og realkunnskap, sa operasjonell leiar i Svorka, Espen Røv.

– Vi treng i framtida nye medarbeidarar, og greier vi å rekruttere desse gjennom slike arrangement som i dag, er det verkeleg bra, la han til.

Gratis bakels, kaffe og is

Svorka spanderte også bakels med syltetøy, kaffe og is på dei som kom innom. Alle straumkundar, som ville ha det, fekk i tillegg to gratisbillettar til Orklabadet på Orkanger.

Publisert: 20. juni 2026, 17:00