Tysdag kveld var vi invitert til omvisning i frukthagen i Svinviks arboret. Arboretet deltek nemleg som ein av fleire genbankar som skal ta vare på viktige og verdifulle gener frå både gamle og nye frukttre som finnes i arboretet. Vi er kjente med at Halvor og Anne hadde ein frukthage med fleire hundre sortar, og enda er det att tre i hagen som er over hundre år og er verdifulle sortar som det er viktig å ta vare på.

I frukthagen er det både gale og nye frukttre – enkelte er faktisk over 100 år gamle. Her er Patrick saman med Inger Merete Mogstad under omvisninga i frukthagen. Foto Jon Olav Ørsal
Halvor starta allereie på 1920 talet med dyrking av frukt i Svinvika, og det er faktisk ei unik samling som det no er bygd vidare på. Det er ei særs viktig historisk fruktsamling vi finn i den sydvente skråninga i arboretet. Her veks blant anna frukttre som er dyrka fram frå frø og ikkje finst andre stadar.
Beauty of Bath er ein gammel engelsk seplesort som er kjent som «mor» til dagens populære eplesort med namn Discovery. Foto Jon Olav Ørsal
No pågår det undersøking av dei forskjellige sortane – mange er reistrert i dokumentasjonen som Halvor har laga og noko av undersøkingane foregår ved at arboretet sender prøvar til Italia for gentesting. Eit 50-tal sortar er gentesta til no, og 18 av disse har ein sikre registreringa på. Dette arbeidet har berre såvidt starta, men plana er at alle frukttrea skal identifiserast og leggast i databasen på Nordmørsmusea, seier Patrick Nilsen som er museumsgartner ved Svinviks arboret.

Patrick hadde lage ei utstilling av mange eplesortar, og han la for dagen ei solid kunnskp om det han held på med i frukthagen i arboretet. Foto Jon Olav Ørsal
Her finns det gamle og hardføre norske sortar, som har stor nasjonal interesse og har stor verdi etter som dei kanskje berre finns her i arboretet. Arboretet har fått tilført midlar for å jobbe vidare med dette, og etter kvart har vi ambisjonar om å få alle variantane inn i databasen, seier Patrick.


