Kvart år sitt ein att med følelsen av at det er beste russerevy ever! Slik er det i år også når du sitt og skal «fordøye» ei slik flott revyførestilling – 2 timar med prima underhaldning av høgste klasse. Spesielt er vi imponert ov bruken av song, musikk, dans og kreativ utfolding som russen har vist i revyen «Uaktuelt i Surnadal». Revyen har ein fin balanse mellom skjemt og alvor, og har følt Surnadal på pulsen med denne revyen.
Det siste året har det ikkje stått på lokalt stoff, og det gjenspeilar revyen på ein fin måte med passelege sleivsparrk og viser at russen følgjer med på det som skjer. Både ordførar Hugo Pedersen og rektor ved Surnadal vidaregåande var fulle av lovord når dei etter førestillinga takka for innsatsen. – Dere har gjeve oss ein kjempekveld, sa Hugo Pedersen i sin takketale.
I kveld var det altså premiere – fredag kl 19:00 og laurdag kl 18:00 er det to førestillingar til der det enno er nokre få plassar ledige begge kveldane. Vår anbefaling er å nytte høvet til å få med litt lokal revykultur – billettar kjøper du på Surnadal kulturhus!

Ordførar Hugo Pedersen var raus med superlativa etter revyforestillinga . han hadde med seg gavekort på pizza til russen. Foto Jon Olav Ørsal



