Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «pårørandekafe» i nye lokalar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. mai 2026
Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterer til «pårørandekafe» i dei heilt nye lokala til Surnadal frivilligsentral på Surnadal kulturhus onsdag 6. mai klokka 18:00 – 20:00. Temaet denne gongen er «Hvordan ta vare på meg som pårørende?»
 
-Denne gangen får vi besøk av kirkekontoret, som forteller om sin nyoppstartede sorggruppe, og ellers hvordan de kan være en ressurs for pårørende i ulike livssituasjoner, heiter det i invitasjonen frå arrangørane.
 

Fakta om «pårørandekafeen»

«Pårørandekafeen» er ein fristad der omsorg, fellesskap og ein kopp kaffe går hand i hand.

Kafeen er tenkt som ein uformell og trygg møtestad for alle som står nær nokon med sjukdom, demens, funksjonsnedsetting, rusproblematikk, psykiske utfordringer eller andre livsutfordringar. 

Arrangørene ønsker gjerne tilbakemeldingar og innspel til korleis ein skal nå fram til «treffe» målgruppene enda betre. Er invitasjonen for brei? Burde den vore spissa meir, for ulike pårørenderollar? Foredragshaldarar? Ta kontakt dersom ein ønsker å kome med innspel, eller kom innom på frivilligsentralen onsdag kveld! 

Tilbodet er gratis og ope for alle pårørande, uansett livssituasjon og bustadsadresse!


Invitasjon til pårørendekafe mai

Arrangørane ønsker velkommen til «pårørandefafe» onsdag!

Publisert: 3. mai 2026, 11:00