Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Røde Kors: – Flyttar inn i nytt depot

Jon Olav Ørsal Fredag 8. mai 2026

Fredag kveld var det høgtideleg snorkløpping for det nye depotet til Surnadal Røde Kors.  Dei har no samla alt dei eig i det nye depotet som ligg vegg i vegg med Røde Kors Huset på Bøvra.  Det er ein stor dag for Røde Kors og ein stor dag for Surnadal, sa Rune Hyldbakk da han samla presse, samarbeidspartnarar og alle som har vore med og støtta arbeidet med bygginga av det nye depotet.  Dette har ikkje vore muleg for oss i Røde Kors, hadde det ikkje vært for all støtte vi har fått – men no står det her klart til bruk.

Det er god plass i det nye depotet. Det vil gjera alt mykje enklare ved utrykning . Foto Jon Olav Ørsal

Den første som fikk ordet var leiaren i distriktlaget for Trøndelag, Gunnar Halstadtrø, som var storligen imponert over det nye depotbygget og satsinga som er gjort i Surnadal Røde Kors. Han gratulert både foreninga, kommunen og medlemane og sa at dette er ein stor dag.  Han tykte at Surnadal kommune er heldig som har ein slik organsisasjon i kommunen og rundt 50 frivillige som stiller opp.  SRK starta tå tidleg som 1971, men Gunnar tykte det var merkeleg at det i ein kommune med 6000 innbyggjarar er berre 123 betalande medlemar – han foreslo at det skulle gjerast ein innsat for å auke det talet.

Ordførar og distriktsleiar samarbeider om snorkløppinga. Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar Hugo Pedersen gratulerte også tykte det var ein stor dag på mange måtar – tidlegare på dagen hadde han markert frigjeringsdagen og veterandagen, og no tykte han det toppa seg med snorkløpping for depotet til Røde Kors.  Han snakka både om beredskap og førebuing på kriser, der Røde Kors er ein del av den kommunale berdskapen og har eit veldig viktig samarbeid på mange plan.  -Vi er avhengige av hjelp frå Røde Kors, og vi ser no at det nye depotbygget blir ein viktig innsatsfaktor i tida framover. 

Ordførar Hugo Pedersen overrekkjer blomster til Rune Hyldbakk. Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå var det omvisning i det nye depotbygget, og det var mange som vart mållause når dei fekk sjå det.  Det var eit imponerande anlegg og eit enormt framskritt for hjelpekorpset å få samle alt utstyret i eit bygg.  I det nye depotet var det strøkent, og alt utstyr er lagra slik at det er rasjonelt både å legge utstyret inn på depotet og kanskje enda viktigare at det er ryddig og oversiktleg når dei skal ut på oppdrag.  Her er det plass til både bil, ATV, båtar  og tilhengarar. 

Hjelpekorpsleiar gler seg til å ta i bruk det nye depotet – alt blir så mykje enklare og ein sparer tid. Foto Jon Olav Ørsal

Leiar i Surnadal Røde Kors Rune Hyldbakk hadde eit interessant foredrag om dagens situasjon, der han tok utgangspunkt i NOU 2023-17. Han understreka kor viktig det er at alle instansar samarbeider no som sabotasje, hybrid krigføring, nytt regime i USA og ikkje minst effekten av klimaendringer vil påvirke kvardagen vår. Difor er det viktig at vi er førebudd på fleire former for kriser og det er viktig at vi kan klare oss sjølve ei stund om noko skjer.

Etterpå var det kaffelag og foredrag om beredskapsarbeidet – foto Jon OLav Ørsal

 

Publisert: 8. mai 2026, 21:37