Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe og kløverturar i mars

Dordi Jorunn Halle Måndag 23. mars 2026

Laurdag 21. mars arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Todalen sanitetshus med godt oppmøte.

Ann Ingeborg og Jorunn var vertinner, og dei serverte riktig gode kaker og kaffe. Det var triveleg prat rundt borda, og utlodding med mange gevinstar, altså stor sjanse for å få vinne.

Ann Ingeborg og Jorunn var vertinner. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kløverturar

Etter ein lang periode med godt ver vart det ruskever måndag 23. mars med snøbyger og kuling i vindkasta. Det var ein godt kledd jentegjeng som møtte til kløvertur. Turruta gjekk frå Matkroken med ein runde i Toåa tursti i opphaldsver og gløtt av sol. Veret snudde, og det vart sterk motvind utover Kvennsetgarden og «det snødde gamle kjerringar»! Da var det ekstra godt med kaffepause i Kaffekroken.

Ved Båthølen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag 16. mars gjekk turen i Kvennsetlia og innover til Råa; – fint ver og triveleg tur!

No tek kløverturen påskeferie til måndag 13. april, og strikkekaffe blir det 18. april.

Fleire bilete:

Nysnø langt nedover liene. Foto: Marit Sanden Søyset.

Vegvisaren anbefaler mange fine turmål, men det vart kortaste vegen til Matkorken. Frå venstre: Arndis, Kari, Jorunn, Marit, Ester Karin og Helga. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Retur frå Råa. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 23. mars 2026, 22:51