Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe og kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. april 2026

Todalen sanitetsforening melder: Laurdag strikkekaffe og måndag kløvertur.

Laurdag 18. april arrangerte sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Gro Torvik og Synnøve Hole Talgø var vertinner. Sjølv om det var sol og riktig fint ver, var det fullt rundt borda og triveleg prat 

Vertinnene: Synnøve og Gro. Dei serverte riktig gode kaker til kaffien. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Siste strikkekaffeen våren 2026 blir 9. mai.

 

Rundt bordet: Grete, May-Elisabeth, Dordi Jorunn, Kari, Jorunn Gislaug, Synnøve, Eli Marie, Helen, Dordi. Foto: Ester Karin.

Rundt bordet: Gro, Arndis, Synnøve, Ester Karin, Mette. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Kløvertur

Turgjengen ved den fine lakseskulpturen: Helen, Jorunn, Arndis, Dordi, Kari, Liv Jorunn, Marit. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Måndag gjekk kløverturen frå Bruset og langs Toåa innover til Fosstrøinn. Sol frå klår himmel, god temperatur og teppe av kvitsymre langs stien, – ein nydeleg vårdag. Vidare gjekk turen ned til den fine gapahuken nede på Nessaørå der det vart lang kaffepause.

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin og triveleg kløverturdag!

Ved gapahuken i Fosstrøå. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 20. april 2026, 21:49