Fjorårets låge straumpris gjorde at markanden for sal av ved var labil, heilt til straumprisane skaut til vers utover seinhausten. Bjørn Kvendset er ein av dei som har satsa litt på sal av ved, og han fortel at det har vore godt sal den siste tida – no er det tomt for bjørkved, medan det enno finns blandingsved i storsekk på lager.
Den lange kaldperioden vi har hatt i januar har nok gjort at fleire enn normalt brukar vedfyring til suppleringsvarme, og difor har det den siste tida kome både nye og gamle kundar for å kjøpe meir ved. Aukande straumprisar gjer at folk no brukar meir ved, og kaldperioden ser ut til å vare lenge utover. Det er iallfalt meldt kaldvêr i den komande 21-dagersperioden.

Bjørn er i gang med produksjon til neste sesong. Mykje vindfall under vinterstormane sette fortgang på ryddearbeidet rundt åkerreinene på Sagtrøa. Foto Jon Olav Ørsal
Bjørn Kvendset er no i gang med å produsere ved til neste sesong, og han reknar med at dei faste kundane melder sitt behov etter kvart utover vinteren og våren. – Bjørn minner og om at det kan være litt lurt å ha eit lager av ved som rein beredskap. Dette har fått mykje fokus den siste tida, både på grunn av mykje uro i verda, men også på grunn av aukande fare for ekstremvêr som kan føre til meir ustabil straumleveransar.


