Det er akkurat no straumlaust i heile Todalen. Grunnen til dette er at eit stor furu har falle over høgspentledninga på bakketoppen ved Ytre Drivå i Todalsstranda.
I samband med trefallet oppstod det ein liten brann, men da det lokale brannvesenet kom til staden hadde brannen sløkt av seg sjølv.
Brannvesenet bistod S-Nett med trafikkdirigering medan manbskapa frå nettselskapet fjerna den ødelagte kabelen frå vegen.
I ei melding frå S-Nett blir det opplyst at dei er på staden, men at dei ikkje kan seie noko om kor lenge det tek før straumen kjem att, men dei håper at det ikkje tek alt for lang tid.
Ved spørsmål kan ein ta kontakt med S-Nett på deira vakttelefon 924 20 050.

