Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stort tre – redd for hus og heim

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mai 2026

Det var Åsmund Longva Kvendset som var oppdragsgjevar for ei stor osp som  var farleg både for vegfarande og for hus og heim på Tovbu/Dakota.   Jon Langli og Pål Heggset var hyra inn som ekspertar, for å få felt det store treet før det fekk gjera skade.

Den store ospa var prega av to stormar og såg farleg ut. No skulle ho til pers. Foto Jon Olav Ørsal

Dei to gjekk grundig til verks, og kappa av store greiner og heile toppen av treet.  I tillegg festa dei på ei line, slik at dei kunne styre unna huset når resten av treet vart felt med motorsag. Trefellinga gjekk greit føre seg og gjekk overende uten å treffe hus og heim.

Her går ospa overende med litt hjelp frå Jon Langli og Åsmund L. Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. mai 2026, 09:56