Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor stas med snø for skuleborna

Stor stas med snø for skuleborna

Britt Mossing Torsdag 25. oktober 2012

1. og 2. klassen på skulen var godt fornøgd med den kvite snøen som kom i dag. I gymtimen var dei raske til å få på seg kleda og kome seg ut.Som vi ser på bileta er det berre artigt å rulle seg og bygge i snøen. Dei laga både dyr og stolar dei kunne sitje på. Dei håpar på enda meir snø, sjølv om haggelbygen som kom svei godt i kinna.

Jippi – det er snø!  Den første snøen vart godt motteken av borna i 1. og 2. klasse.  Alle foto: Britt Mossing

Først publisert: 25. oktober 2012, 20:17 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:51