Todalen Båtforening har i det siste hatt fleire dugnadar for å gjennomføre ei betydeleg oppgradering av båthamna i Sissigrenda. Prosjektet har ein total prislapp på rundt ein halv million og inkluderer nye utriggarar og bryggedekke. Det er også montert fenderar slik at det ein ikkje lenger treng å ha dette mellom båtane og brygga, berre mellom båtane.
Båtforeninga har som mål å vere ferdig med oppgraderinga i båthamna i god tid før sommaren. – Det vil bli eit par dugnadar til, som vil bli kunngjort på Todalen.no, seier Bjørn Hauglann i Todalen Båtforening.
Han oppfordrer no alle som har båtplass i båthamna til å gå over eige tauverk og sjaklar, slik at dette er i orden til båtsesongen tek til.


