Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for lokalhistorie – over 70 på bokslepp

Jon Olav Ørsal Sundag 9. november 2025

Todalen historielag opplever at det er stor inteeresse for lokalhistoria.  Søndag hadde historielaget bokslepp, og trekte nærast fullt hus til ungdomshuset for å bli presentert for det nye årsskriftet for 2025 og for å høryre Torbjørn Brøske som kom for å kåsere om oppveksten i Stangvika. 

Tilnærma fullt i ungdomshuset – her studeres det nye årsskiftet. Foto Jon Olav Ørsal

Sjølv om det ikkje er meir enn 270 innbyggjarar i Todalen som er det faktisk 175 registrerte medlemar i historielag – sjølvsagt er det ein del utflytta todalinga som er interessert i heimplassens historie med likevel er det bra.  Søndag ettermiddag kom det over 70 tilhøyrarar til ungdomshuset for å både sjå og høye – og sjølvsagt var det kaffelag etterpå.  

Årsskriftet har rundt 80 sider med godt og variert lokalstoff.  Nytt i år er at det har vore ny og ung redaktør som har administrert produksjonen av årsskriftet. Leiar John Moe fortel at skriftsstyret er glad for at Endre Talgø tok på seg den jobben, og at laget har kome i mål med eit årsskrift som dei kan være stolte av.  No blir årsskriftet delt ut til alle som har betalt medlemskap for 2025, i tillegg er årsskriftet å få kjøpt på Matkroken Todalen og i bokhandelen i Altisentret i Surnadal.

Sekretariateet som sørga for at medlemane fekk sine hefter som er inkludert i medlemskapet – Sven Olav Svinvik og Wendhe Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

Torbjørn Brøske var innhyra for å halde kåseri der han tok utganpunkt i minner gjennom 70 år frå Stangvika.  Da han voks opp i Stangvika opplevde han sjølvsagt at Stangvika var sentrum, og sjølv om det ikkje var noko overflod, så opplevde han iallfall at det var optimisme.  Og den tida var det eit tjuetal mjølkeprodusentar i Stangvika, og rundt 30 driv med sauer og så var det heile 22 hoppbakkar på Stangviklegmålet.  Hoppbakkan var ikkje stor, men dei var mange  den gongen – i dag er det ingen hoppbakkar og knappast eit skispor å sjå.  

Den gongen Torbjørn var ung så var det 2 butikkar i Stangvika pluss ein sportsbutikk, og det kom folk både frå Neslandet og frå Nesøya til Stangvika på handel.  Det var egentleg lite å finne på i Stangvika, men det gjorde at vi måtte finne på ting sjølve  – og vi fann på mykje.  Vi lert ikkje så mykje på skulen denne tida, men det vi lert det lert vi godt.  I 1951 kom forresten den nye reknemåten – frå 1. juli det året sa vi ikkje «Einåfemti», men no vart de «Femti ein».  Og dersom det hadde vore Torbjørn som hadde bestemt så hadde det framleis vore skulestart for 7-åringar, og det har ikkje vore noko russefeiring, berre så det er sagt.  

Mange som kom for å høre og sjå – og sjølvsagt var det kaffelag etterpå. Foto jon Olav Ørsal

Elles var Torbjørn innom mange tema i løpet av kåseriet – mellom anna har han vore aktiv i mange slags sport – men mest var det vel fotballen som fekk fokus. Men elles var det nok både skeiserenning og hopprenning.  I Stangvika var det et par som var gode til å renne hopp – vi andre var berre med for å renne hopp.  men sjølvsagt var det skirenning rundt husa i lyset av utlampa, og da var det kjekt å ha nokre idealar å sjå opp til – slik som f.eks Martin Stokken og andre so, Egil danielsen og Audun Boysen i sommaridrett.  

Det vart i løpet av kåseriet mange og lune historier frå oppveksten i Stangvika, og må vel seie at vi som var tilhøyrarar kjente oss att i mange av aktivitetane og det var vel berre slik at vi visste ikkje om så mykje utafor Stangvika eller Todalen. Det var vel kanskje nok og det da.

(4 sider med mykje variert og godt stoff. Heftet er egenfinasiert – det vil seie at salsinntektene dekkjer produksjonskostnadene. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. november 2025, 19:05