Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor givarglede i samband med demensaksjonen

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. september 2026

Bøssebærarane gjorde ein kjempejobb under demensaksjonen, fortel Liv Botten som er leiar i Surnadal demensforening og helselag.  Det var Surnadalsrussen sammen med bøssebærarar frå foreninga og andre som var rundt i alle heimar i Surnadal kommune, og resultatet vart ny rekord igjen – kr 153.960,-.  I tillegg kjem det halvparten av billettinntektene frå arrangementet den 21. september i kulturhuset, der halvparten går til forskningsteamet på NTNU. 

All inntekt frå bøsseaksjonen går i år til forskning på barnedemens.  Liv Botten rettar ein stor takk til alle som deltok i aksjonen, både bøssebærarar, sjåførar og ikkje minst takk til alle givarar.  

Først publisert: 30. september 2026, 05:00 - Sist oppdatert: 29. september 2026, 18:55