Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stopp i fisket – Toåa stengt for fiske frå laurdag 18. juli

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. juli 2026

På grunn av dårlege fangsttal og ei midtsesongevaluering som ligg langt under gytebestandsmålet har Todalen elveeigarlag som tidlegare meldt beslutta å stenge Toåa for fiske etter laks og sjøaure. 

Stenginga av elva er midlertidig, og elveeigarlaget håpar at tilhøva etter kvart rettar på seg, men føler eit ansvar for å forvalte elva og laksestammen på ein slik måte at vi sikrar langsiktig overleving og framtidig innhausting

Infoplakatar på 3 språk er sett opp på sentrale plassar ved elva. Foto Jon Olav Ørsal

Det er sett opp plakatar på sentrale plassar ved elva, der det blir orientert situasjonen både på norsk og engelsk.  Plakatane er og utstyrt med QR-kode med link til heimesida til Elveguiden.no og til Norske lakseelver.  

Publisert: 18. juli 2026, 10:35