Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stinnt av folk på julemartnad – folk trossa sluddbygene

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. november 2025

Folk trossa vindrossane og sluddbygene og kom til Syltøran på julemartna hos Hageland og Byggmakker i dag.   Parkeringsplassen både framafor og bak  butikkane var fylt til siste plass, og det var heilt stinnt med folk dei første timane etter at butikkane opna.  Det kom folk både frå fjern og nær for å være med på julemartnan, og skikkeleg martnasstemning vart det – og det såg ut som både utstillarar og kundar kosa seg inne i varmen medan sluddbygene for vassrett innover Syltøran.

Stine og Ingebrigt frå Anseset gard i Todalen satsa på sal av kjøttvarer frå eigen produksjon av urfe og sau. Foto Jon Olav Ørsal

Ja, det var skikkeleg god stemning og høg trivselsfaktor, sa Anita Talgø hos Hageland etter at julemartnan var over i ettermiddag.  – Vi har ikkje peiling på kor mange som var innom i løpet av dagen, for det kom og gikk folk heile tida, men det var utruleg mykje større tilstrøyming i år enn i fjor.  Og det var skikkeleg god martnasstemning, og eg trur at alle dei 44 utstillarane var godt nøgde med respons og omsetning.   Dei fleste utstillarane var lokalt forankra, men det kom og utstillarar fra rundt om i fylket. 

Lokal satsing – Ingrid R. Talgø stillte med strikkavarer. Foto Jon Olav Ørsal

Lokal satsing – Bjørn Kvendset bydde på honning frå eigen produksjon – Ingrid Kvendset hadde strikkavarer i kolleksjonen. Foto Jon Olav Ørsal

Likal produksjon – Magne Søyset med eigenproduksjon av trevarer. Foto Jon Olav Ørsal

Vihar laga eit galleri frå julemartnan – klikk deg gjennom og sjå om du treffer kjentfolk?

Publisert: 29. november 2025, 18:17