Todalen bøgdalag inviterte onsdag kveld til påskequiz i Todalen ungdomshus. Innpå åtti tok utfordringa og møtte fram for å vere med å konkurrere og møte andre til sosialt samvær.
Det var totalt tretti spørsmål fordelt på tre rundar.
Elleve lag deltok, og kunbskapsnivået var høgt. Da dei siste poenga var talt opp, viste resultatlista at både Todalen toppers og Pepsi Aass hadde fått like mange poeng og delte sigeren.
– Dette vart eit skikkeleg vellukka arrangement også i år, sa ein nøgd leiar i Todalen bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo.
– Eg kan allereie no fortelje at det blir påskequiz også neste år, la han til!




