Om Stine Eide
Stine Eide er ein norsk biletkunstnar som arbeidar med nyskapande blyantteikning. Bileta er basert på handteikna, hyperrealistiske blyantteikningar som er kombinert med ulike material og teknikkar.
Det særeigne uttrykket er utvikla med eit ynskje om å skapa ny og moderne kunst ut frå tradisjonell teiknekunst. I kunsten til Stine finn ein ofte aktuelle tema som samfunnsutvikling og feminisme.
Både lett og blytung tematikk vert tatt på kornet med eit humoristisk skråblikk som kan vekkje humrande attkjenning hjå dei fleste. Stine Eide er medlem av Norske billedkunstnere og Tegnerforbundet, og har utdanning frå Voss,
Bergen, Queensland og London. Ho vart utøvande biletkunstnar på heiltid i 2013 og har sidan hatt ei rekkje utstillingar i Noreg. I 2016 etablerte Stine seg med eige galleri i sentrum på heimstaden, Voss.




