Stenging av laksefisket i Toåa i neste veke er uheldig for våre bookinger, seier Arve Evensen , som er vertskap på Todalshytta. Sjølv om fisket så langt i sesongen har vore dårleg, som har vi hatt bra trafikk på Todalshytta. Men no blir vi nok berørt, så vi håpar at stengninga blir kortvarig, seier Evensen.
Når det er sagt, så har vi stor auke av vanlege turistar og familiegrupper i sommar – spesielt no som fellesferien er i gang. Vi har intrykk av at det er mange som har den urolege verdssituasjonen i tankane når dei vel å feriere i heimlandet. I tillegg så generer nok aktiviteten til Galleri Sand Nordmøre ein god del trafikk både av spisegjestar og overnattingsgjestar. Vi har forresten fått mange positive tilbakemeldingar på menyen vår. Det tykkjer vi er litt artig da.
Når laksefisket tek ein pause no, så er vi da enige i at det er rett å ta grep for å ta vare på laksen. Men det er lite vi kan bidra med når det gjeld dei farane som laksen møter på sin veg til havet – og på turen attende til elva. Håper berre at dei tiltaka vi og elveeigarane gjer hjelper laksen, men det er viktigast at myndigheitene no verkeleg tek tak i det som skjer i havet og i fjordane – både på veg ut, på beite i havet og på turen attende til elva for å gyte og føre genane vidare, seier Evensen.



