Nyttårskvelden inviterte Todalen sokneråd til nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sent oss ein liten rapport frå gudsteneste ein kan lese nedanfor, og det er også mogleg å sjå opptak frå gudstenesta. Det var prost Vidar W. Rygh som var liturg nyttårskvelden.
Stemningsfull og tankevekkende på samme tid
Todalen kyrkje var omkransa av lys på gravsteda, prost Vidar Rygh snakka om at kyrkja må vera ein plogspiss for kjærleiken og kyrkjelyden song av hjartens lyst. Organisten la songane dit dei helst skal ligge og solist Nina gjorde stunda ekstra stemningsfull.
Prost Vidar Rygh tok tak i boka» Vi morer oss selv til døde» frå 1985, og advarte mot at vi som konsumentar kan slutte å tenkje. Vi kan ikkje slutte å ta klima, krig og fattigdom på alvor. Vi må finne menneske som er forsømt, og vi må vatne og gjødsle det treet som kanskje ikkje bærer frukt slik vi tenkte. Vi må ha mot til å prøve, mot til å våge, og prosten sa at dersom vi har tru, har vi også mot.
Tru, håp og kjærleik er bra å gå inn i det nye året med, og det følte vi at Vidar Rygh formidla på ein fin måte nyttårskvelden.
Nyttårsgudstenesta kan ein sjå på https://www.youtube.com/live/AS9x186cIao.
Vi takkar Kjell Gunnar Polden for nok eit godt bidrag!

