Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavganggruppa ved Igeltjønna

Stavganggruppa ved Igeltjønna

Vidar Sogge Sundag 5. august 2012

Laurdag 4. august hadde Norsk Vandrefestival invitert Stavganggruppa til vandring rundt Igltjønna. Regn og skodde hadde skremd mange frå å ta turen opp til Rindal, men 28 hadde likevel trossa vêret og møtt fram. No viste det seg at regnet ikkje beit på rindalingane, for her var det opphaldsvêr under heile marsjen.

Før start orienterte Bodil Gjeldnes frå Norsk Vandrefestival om turen rundt Igltjønna, og etterpå fortalde Martinus Torvik om neste tur til Stavganggruppa.

Denne turen går laurdag den 18. august til Vangshaugen, ein ”sportsvilla” bygd av engelskmannen Lort Phillip, og som ligg 15 km opp frå Gjøra i Sunndalen. Her parkerer sjåføren Sverre Kjølstad bilen, og vi fortset til fots i 2 km til vi kjem til Alvheim, eit jaktslott ført opp av lady Barbara Arbutnott.

Attende på Vangshaugen et vi middag, før vi set kursen mot Oppdal der vi tek ein kort kaffepause før vi køyrer vidare til Berkåk og stikk innom Rennebumartnan.

Det er enno ledige plassar til turen, og Martinus opplyser at ein treng ikkje vera medlem for å bli med på turen. Påmelding til Martinus (tlf. 91778285) eller Vidar (tlf. 91725412).

Under er eit rikhaldigt galleri frå turen. Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 5. august 2012, 16:00