Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane sesongopne med tur til Stangvika

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 7. mai 2026

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur Stangvika og Brøskehagen . Stavgangarane var litt heldigare med vêret enn fjellgåarane tysdag, sjølv om det i følge rapportane var litt kaldt torsdag også, så var det i alle fall ikkje snø!

Fint på tur, sjølv om det var litt kaldt. Foto: Wenche Kvendset

– Vi tok turen til Stangvika og Brøskehagen. Litt kaldt, men vi holdt varmen og hadde en fin tur, fortel Wenche Kvendset i Stavganggruppa.   

Alltid godt med kaffe og noko å bite i etter turen! Foto: Wenche Kvendset

Merk at stavgangturen neste veke går på onsdag den 13. mai. Oppmøte klokka 11:00 ved Rabbleet på Nordvik. 

Publisert: 7. mai 2026, 20:20