Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Statnett har fått konsesjon for å bygge kaianlegg

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juli 2026

Statnett SF har no fått konsesjon frå NVE for å bygge eit kaianlegg i Todalsfjorden. NVE har også godkjent detaljplana for bygging av kaianlegg for ilandføring av transformatorar. Statnett SF har også fått konsesjon til å bygge ein 120 meter lang permanent veg frå kaianlegget og opp på fylkesvegen. 

Kaianlegget vil bestå av ei plate av betong fundamentert på fast fjell på land og pælar i sjøen. Plata vil bli rundt 40 meter lang og 8 meter brei, altså rundt 320 kvadratmeter.

Det blir montert pullertar, slik at det blir mogleg å fortøye av fartøy under lossing. For å knytte kaia til fylkesvegen, skal det byggast ein veg frå kaianlegget opp på fylkesvegen på rundt 120 meter.

Konsesjon til kaianlegg i Todalsfjorden

Anleggsarbeidet tek til i haust

Statnett SF ser for seg anleggsstart allereie i månadsskiftet aurugst/september, og plana er at kaianlegget med veg opp til fylkesvegen skal stå ferdig til mars/april neste år.

Kaianlegget blir permanent

Etter at anleggsarbeidet er ferdig, skal området tilbakeførast med vekstmassar for å redusere dei visuelle spora og legge til rette for ny naturleg vegetasjon.

Vegen frå kaianlegget og opp til fylkesvegen skal stengast når transformatorane er transportert videre, men kaia blir ståande og kan såleis takast i bruk igjen ved framtidige behov.

Bakgrunnen for at kaianlegget blir ståande, er at det ikkje blir vurdert at anlegget vil gje ulemper for naboar, natur eller miljø. Kaianlegget vil imidlertid være synlig frå fjorden og områda rundt.

Badeplass?

Surnadal kommune spela i høyringsprosessen inn ønske om å kome i dialog med Statnett SF med tanke ei tilrettelegging for bruk av området.

Kommunen meiner det var viktig at det framleis skal vere mogleg å komme seg ned til svaberget og sjøen frå vegen for mellom anna å bade. Kommunen har difor eit håp om at kaianlegget i framtida kan brukast til friluftsaktivitetar og bading.

Publisert: 27. juli 2026, 19:10