Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar opp sorggruppe

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. januar 2026

Mange kan føle seg åleine om sorga. Derfor kan det vere godt å kome ilag med andre, som har opplevd noko av det same. Kyrkja i Surnadal startar difor no opp sorggruppe. Kan dette vere noko for deg spør dei?

Kyrkja i Surnadal tilbyr bearbeiding av sorg i gruppe. Her kan ein finne hjelp og støtte til å leve vidare med sorga.torsdag 

Kyrkja i Surnadal sine diakonar startar ny sorggruppe 12. februar klokka 18:00 – 20:00. Etter dette blir det sorggruppe sju torsdagskveldar annakvar veke til same tid.

Gruppa kjem til å bestå av 5 – 7 personar og det er plass til to personar til. Om ein ønsker å vere med, eller ønsker meir informasjon, tek ein kontakt med kyrkjekontoret på telefon 71 65 70 60,

Tilbodet er for alle uansett tru og livssyn.

Publisert: 17. januar 2026, 12:58