Det var Stangvik sokneråd som stod som arrangør av Sjømannskyrkjekvelden som samla eit hundretals tilhøyrarar i Stangvik kyrkje. Og jammen fekk vi den rette stemninga, med lukta av nysteikte bakels i kyrkja som mange kjenner att frå besøk i Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkjekvelden, eller kanskje heller Sjømannskyrkjefesta samla folk frå heile indre Nordmøre, som kom for gjensyn med Sjømannskyrkja eller for gjensyn med Ranveig og Torbjørn Brøske, som gjorde teneste for Sjømannskyrkja i heile 14 år på 5 forskjellige stader.

Ranveig og Torbjørn Brøske fortalte om livet i Sjømannskyrkja gjennom 14 år. Dei hadde mange gode historier frå tida i Sjømannskyrkja – både på skjemt og alvor. Foto Jon Olav Ørsal
Kveldens program starta med korsong med Prosjekt 17-koret med sin dirigent Bernt Bøe, som denne kvelden hadde saltsmak i repertoaret. Dei starta med sin mannskordel og «Skomværvalsen». Dersom vi hugsar attende til 1959 så vart den laga av Erik Bye, og var med og finansierte redningsskuta «Skomvær II». Vidare fortsette P17-koret med «Hvite måke» og «Måke fortell» og «Kyrkje reist i verdens hverdag» som allsong saman med koret. Seinare i programmet hadde koret «smakebitar» får kabareten «Segl & Wickmann».

Prosjekt 17-koret med dirigent Bernt Bøe. Dei hadde songar med saltsmak på repertoaret denne kvelden – slik som «Hvite måke». Foto Jon Olav Ørsal
Ole Jacob Riisnes tok oss vidare med ein runde for å bli kjent med verksemda til Sjømannskyrkja og kva slags arena Sjømannskyrkja eigentleg er. Sjømannskyrkja er kjent for å møte alle, og har ein låg terskel, men samtidig er det høgt oppunder taket. Det er i dag 28 Sjømannskyrkjer rundt om i verda, og dei er etablert på plassar der det er mange nordmenn – enten sjøfølk, studentar eller kanskje turistar. Riisnes viste spesielt korleis Sjømannskyrkja var representert under OL i Torino/Cortina i Italia.
Sjømannskyrkja er på mange måtar ein forlenga arm frå Den norske kyrkja, og har i dag rundt 120 lokale foreiningar som arbeider for å delta i finansieringa av Sjømannskyrkjas drift. To av desse var til stades og vart presentert – foreininga i Todalen som har halde det gåande sia 1909 og som framleis er aktive. I tillegg var Hanembygdens misjonsforeining frå Tingvoll med – dei starta i 1913, og held framleis stand.

Einy og Synnøve fortalte om sjømannsmisjonsforeninga i Todalen som har vore aktiv i over hundre år. Her saman med Pål Arne Winsnes som leia programmet. Foto Jon Olav Ørsal
Etterpå var det kaffepause og sjølvsagt nysteikt bakels til kaffen i beste sjømannskyrkje stil. I pausen var det og loddsal til inntekt til Sjømannskyrkja – her kom det inn over ti tusen kroner.
Ein av hovudpostane på kveldens program var Stangvik sit eige sjømannsprestepar – Torbjørn og Rannveig Brøske. Dei fortale om tenesta i Sjømannskyrkja gjennom 14 år i 5 forskjellige Sjømannskyrkjer, der dei lengste opphalda var i Stockholm i 6 år, Paris i 7 år og San Fransisco i eit halvt år. Dei hadde mange gode minner frå tenesta i Sjømannskyrkja og delte dette med oss gjennom lysbilde og gode historier, og vi fekk eit lite innblikk kvardagslivet i Sjømannskyrkja som kunne være både allsidig og krevjande.
Etter kvar vart kvelden runda av med trekning i lynlotteriet, der mange flotte gevinstar hamna rundt omkring etter ein kveld med mykje song og musikk, krydra med gode historier. Todalen.no var forresten på besøk til Torbjørn Brøska da han vikarierte i Arguineguin i 2019 – det kan du lese om her!
I galleriet nedafor finn du fleire bilder frå Sjømannskyrkjekvelden i Stangvik kyrkje. Alle foto: Jon Olav Ørsal

