Det er ikkje ofte det dukkar opp noko av interesse i postkassen lenger, men onsdag var i så måte eit unntak. For i postkassen låg årsskriftet til Stangvik historielag for 2025. Eit innhaldsrikt og flott hefte. Årsskriftredaksjonen har i 2025 bestått av Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden, Berit Anne Botten Røkkum og Marit Haugen.
Årsskriftet er produsert hos Mediehuset AS på Sunndalsøra. Årets utgåve har knapt søtti sider med interessant lesestoff. Årsskriftet blir distribuert direkte til medlemmane eller via post. Elles er årsskriftet å få kjøpt på Matkroken Todalen, ARK Surnadal, ARK Sunndal og hos leiar i historielaget, Einar Grønnes. Årsskriftet kostar 200,- kroner.
Frå innhaldet i årets årsskrift kan vi nemne saker som, Ei 41 år lang meierihistorie, Anders Røen – ein av dei hålaste dansespelmennene, Da kyrkjespiret vart bygd, Årnesdag med mangfaldig program, Elevar ved gamle Stangvik skole ca. 1910 og Juleminne for livet.
Elles inneheld mange andre interessante forteljingar, som ein kan lese meir om i årsskriftet.


