Familien Evensen, som er vertskap på Todalshytta, stakk fredag ettermiddag innom Matkroken Todalen, og overraska ny og gamal drivar, samt kundane med gode vårrullar.

Familien evensen overraske med vårrullar i kaffekroken på Matkroken Todalen fredag ettermiddag. Foto: Terje Nordvik
Her var det berre å forsyne seg, og saman med Kvæfjord- og gulrotkake, som har vore servert heile dagen, vart vårrullane sett stor pris på!
Både gamalkjøpmann Nordvik og nykjøpmann Halset sette stor pris på familien Evensen si servering.
Det same gjorde kundane, som foreslo at det fint kunne kome smakebitar frå Thai-buffeen på Todalshytta kvar fredag!


