Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stabilt vintervêr – og vintersolverv

Stabilt vintervêr – og vintersolverv

Jon Olav Ørsal Sundag 20. desember 2009

Julevêret ser ut til å bli stabilt og kaldt. I skrivande stund melder yr.no om temperaturar mellom -7 og -10 grader dei neste 10 dagane, og det er ikkje meldt om nedbør i perioden.
Måndag 21. desember kl 19.35 «snur» sola, og vi kan gle oss over at det går mot vår igjen.
Dette er dagen da sola har sin lågaste høgde over horisonten og har til alle tider vore markert som ei viktig religiøs eller astronomisk hending. For dei fleste av oss er det ein merkedag for at det igjen går mot lysare tider, skriv NRKs nettside.
Sjå veret på yr.no

Publisert: 20. desember 2009, 18:45