Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sprinten vart ein festdag i Alpinsenteret

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. februar 2026

Torsdagens sprint med Trollheimen fjellsportklubb som arrangør vart ein skikkeleg festdag med knappe hundre deltakarar og sol frå nærast skyfri himmel – litt kaldt var det nok, men sola gjorde iallfall forsøk på å varme oss litt. Arrangørklubben må få skryt for eit prikkfritt arrangement, og sjølv om det var skalert opp til World Cup -status var det ingen problem med å halde tidsskjema gjennom heile arrangementet.

Finalen i U20 menn – ingen norske kvalifiserte seg for finale i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Sportsleg fekk vi sjå mange prestasjonar som imponerte oss stort, og det var ingen tvil om at det var verdseliten i juniorklassane som vi mønstra i alpinsenteret – som også viste seg frå si flottaste side.  

Frank Holen var speaker i alpinsentret i dag. Foto Jon Olav Ørsal

 

To av deltakarane kom i dag frå arrangørklubben – Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping starta i klasse U20, og i tillegg var det 9 deltakarar frå juniorlandslaget.  Begge dei to lokale deltakarane hadde uhell som gjorde at dei fall ut. Isak hadde eit uhell med staven som gjorde at han fekk eit fall – dermed vart det 4.-plass i heatet, og dermed stopp i kvartfinalen. Aron kom vidare til semifinalen, men her mista han ski, og dermed var det stopp for han og.

Aron mista skia under semifinalen i dag – dermed vart det stopp for kvalifisering til finalen. Her er Aron på veg ut i sporet. Foto Jon Olav Ørsal

Både Aron og Isak var nyleg i Tyskland for å konkurrere og begge har da vist at dei har forma inne, så det er bra at det byr seg nye sjansar når YWC flyttar oppi Strengentraseen, der dei skal konkurrere i vertikal på laurdag og individuell på søndag.

Kaptains corner – Rennleiar Halvor Drøpping (nærast til venstre)orienter om løpet og deltakarane

Halvor Drøpping som er rennleiar er også godt nøgd med gjennomføringa av dagens løp,  og seier at han tykte det var artig at det var så mykje oppi bakken.

Her har vi lagt ut link til den offisielle resultatlista frå dagens sprint – klikk her for å laste ned!

Røde Kors var på plass i bakken i dag og – foto Jon Olav Ørsal

Blide damer – Ingvild og Mette – med kortreiste premiar med bl.a. honning frå Bæverfjord. Foto Jon Olav Ørsal

Mykje folk i bakkan i dag – fleire skuleklassar frå SUBUS var med og kasta glans over arrangementet – foto Jon Olav Ørsal

Mesta industriell produksjon av bakels – 6 plater i slengen! Foto Jon Olav Ørsal

Heil til topps i klasse U20 menn – Lorenso Milesi frå Italia gjekk heilt til topps i dag – på 2. og 3. plassen var det spansk. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. februar 2026, 18:40