Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spesialtransport med utstyr til nytt fyringsanlegg på Talgø MøreTre – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. februar 2026

Torsdag var det mobilisert til spesialtransport av ein stor tank til det nye fyringsanlegget på Talgø MøreTre.  Det var Sea Cargo Express som kom den store tanken som er på heile 279 m3 og som var på 25 meter.

her er tanken lasta over på bilen som er utstyrt for spesialtransport frå Surnadal hamn til MøreTretomta. Foto Hallvard Brusethaug

Dette er den såkalla akkumulatoren (termosen) blir kobla  til det nye biobrenselanlegget som er under bygging på MøreTre-tomta, og det vil fungere som eit batteri, fortel Hallvard Brusethaug som er prosjektleiar for fyranlegget.

Transport frå hamna til Møretretomta – ein ruvande transport. Dronefoto Bjørnar Brøske

Når det står ferdig i løpet av sommaren blir dette eit av Europas mest moderne og miljøvennlege biobrenselanlegg.

Her svingar ekvipasjen inn på MøreTre-tomta. Dronefoto Bjørnar Brøske

Fredag skal akkumulator og pipa som er 27 meter høg løft på plass og monterast. To store mobilkraner har sørga for tunge løft i dag og vil være til stor hjelp når pipe og akkumulator skal reisast opp og løftast på plass fredag.  

Sea Cargo Express hadde spesialtransport til Talgø MøreTre ombord – klar til å legge til kai på Surnadal hamn. Foto Hallvard Brusethaug.

Fredag føremiddag kom tanken på plass i det nye biofyranlegget – i bakgrunnen ser vi Surnadalsøra. Dronefoto Bjørnar Brøske

Først publisert: 5. februar 2026, 17:35 - Sist oppdatert: 6. februar 2026, 12:56