Todalen sanitetsforening har kjøpt inn spesialstolen Sara Stedy. Dette er eit hjelpemiddel for pasientar og beburarar til å forflytte seg til sitjande eller ståande stilling. Stolen er til god nytte for brukaren som kan greie fleire gjeremål med mindre hjelp, – til dømes hjelp frå ein pleiar i staden for to.
Torsdag 18. juni overleverte representantar frå Sanitetsforeninga, Ragnhild Ansnes Moe og Arndis Søyset, Sara Stedy til sjukeheimen.
Todalen Sanitetsforening er eigar av stolen og låner han ut til bruk på sjukeheimen. Sara Stedy er til god hjelp for dei tilsette på sjukeheimen.


