Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SpareBank 1 SMN jubilerte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. mars 2026

Fredag ettermiddag inviterte SpareBank 1 SMN til jubileumsfeiring utanfor kontoret sitt på Skei. Her vart det markert med kaffe, blautkake og hornmusikk, og mange kom for å vere med på feiringa.

Banksjef Nordmøre i SpareBank 1 SMN, Berit Skralthaug ønskte alle velkomne til jubileumsfeiringa for å markere at det var tjue år sidan banken opna kontoret sitt i Surnadal.

Banksjef Nordmøre i SpareBank 1 SMN, Berit Skralthaug, ønskte velkommen. Foto: B G Ansnes

Nypan var med på opninga i 2006

Da SpareBank 1 etablerte seg i Surnadal i 2006 overtok dei lokala som Fokus bank hadde på Skei. Banken hadde i starten 3 tilsette, kunne Arne Nypan fortelje, han var med på opninga den gongen, og kunne nesten ikkje tru det allereie hadde gått 20 år.

Bakgrunnen for at SpareBank 1 SMN etablerte seg i Surnadal , var at Romsdal Fellesbank vart ein del av banken, og at ein såg på Surnadal som ein spanande marknad.

I dag er banken eit finanshus med 12 fast tilsette. I tillegg til bank er Regnskapshuset Surnadal og EiendomsMegler 1 integrert i finanshuset på Skei.

Gåvedryss til Surnadal Konseptutvikling (SKUV) og Surnadal Hornmusikk

Vanlegvis er det jubilanten som får gåver, men når ein bank jubilerer er det ofte den som gjev gåvene til andre, og slik også under jubileet til SpareBank 1 SMN.

Surnadal Konseptutvikling (SKUV) fekk ein gåvesjekk på kroner 150.000 kroner, nokå leiar i SKUV, Øystein H. Bondhus, var særs takknemleg for.

Pengane skal gå til produksjon under Midtsommar i Surnadal i juni. – Midlene øremerkes lyd, lys og scene, sa Bondhus. Dette gjør at vi kan skape mere liv og røre for surnadalingene, sa Bondhus.

– Vi er enormt takknemlige for gaven, la han til.

Ragna Mauset, leiar i Surnadal Hornmusikk med gåvesjekk på 40 000 kroner, banksjef Nordmøre i SpareBank 1 SMN, Berit Skralthaug og leiar i Surnadal Konseptutvikling, Øystein H. Bondhus med gåvesjekk på 150 000 kroner. Foto: B G Ansnes

Surnadal Hornmusikk var den andre gåvemottakaren under jubileumsfeiringa. Dei fekk 40.000 kroner. – Dette var stas, og betyr utrolig mye for oss, sa ei skikkeleg overraska Ragna Mauset, som er leiar i Surnadal Hornmusikk.  

– Dette betyr at vi blir satt pris på og det gjør kjempegodt, la ho til.

Ordføraren overrekte blomster

Ordførar Hugo Pedersen overrekte blomster til jubilanten frå Surnadal kommune. Han sa at dette var ei av dei beste vekene han hadde hatt som ordførar, der han hadde delteke på fleire jubileum.

Konsernsjef i SpareBank 1 Jan-Frode Janson, banksjef for Nordmøre Berit Skralthaug, ordfører Hugo Pedersen og administrerende direktør i SpareBank 1 Regnskapshuset, Arne Nypan. Foto: B G Ansnes

– Vi trenger sånne som dere i Surnadal, og at det er flere banker er sundt for konkurransen, sa Pedersen i si helsing til jubilanten.

Han utfordra til slutt hornmusikken til å spele bursdagssongen, noko dei gjorde på strak arm!

Først publisert: 14. mars 2026, 07:00 - Sist oppdatert: 13. mars 2026, 15:53