Det var nok mange som runda av ferien med spansk aften i Skulstuå på fredagskvelden. Siri Lund og ektemannen Francesc stod som vertskap, og dei bydde på Paella , tapas og anna spansk mat til eit førtitals gjestar som møtte opp. Det kom folk frå nær og fjern, sjølvsagt mest todalingar, men også frå rundt omkring – venner både frå Kristiansund og andre plassar.
Francesc som var Paella-kokk, fekk mykje skryt for mates sin, og det var berre smular igjen i Paella-panna da alle hadde forsynt seg. Tydeleg at gjestane lika maten dem vart servert, for dei kosa seg og fyllte på att fleire gong. Til forrett var det tapastallerken med mange gode spesialitetar, og etter hovudretten som var Paella, så runda vi av med dessert og kaffe.
Siri var glad for at det kom så mange for å bli med på den spanske aften i Skulstua. – Det varmer mitt hjarte at vi kunne få til dette, og spesielt at det er på dagen 100 år sia oldefar Erik gikk bort i 1926. – Spesielt tykkjer eg det var artig at så mange av Husbyslekta i Oddøya kom og vart med på feiringa.
Siri og Francesc har tilhald i Spania i den norske kolonien Alfaz del Pi, som er den nest største kolonien i utlandet. – Her er Siri norsklærar, medan Francesc er spanklærar. Kvar sommar er dei attende på Nordmøre, og her i Todalen har dei eit krypinn i Holmatrøa på Kvennset.

Francesc fikk god avsetning på paellaen – her er det Jon Are Husby som får påfyll. Foto Jon Olav Ørsal
Neste år blir det tredje gongen med spansk aften i Skulstuå – da har vi faktisk etablert ein tradisjon som vi kan bygge vidare på. Vi tykkje det er stor stas at vi kan «tromme» saman til spansk aften i Todalen, og det føles godt at vi blir mottekne på denne måten her i Todalen – stor stas det.






