(Trollheimsporten.no) Torsdag inviterte Løkken baserte O M Grefstad avdeling Surnadal til «reopning» av dei nyoppussa lokala dei leiger i kjellaren på Alti Surnadal. O M Grefstad si avdeling i Surnadal består av bilforretning, leia av Jon Olav Holten og ein bilverkstad, leia av Bjørn Johny Holten. På verkstaden har han med seg mekanikarane Espen Bredesen og Even Meisal.
Behov for oppgradering og renovering
Lokala vart tekne i bruk til verkstad og bilforretning for rundt førti år sia, og det har i den tida vore gjort lite med lokala, så her var det absolutt på tide med ei oppgradering var både Bjørn Johny Holten og senterleiar Lorentz Sæter samde om.
Det er flytta nokre veggar, golv, tak og veggar er måla, og det er installert nytt elektrisk anlegg inkludert ny belysning.
Salskontoret og kundemottaket er flytta og ombygd. Utvendig har fått ein «face lift» med nye portar med motordrift.
– Tidlegare brukte vi mykje tid på å opne og lukke portane manuelt, noko vi no slepp, konstaterer ein nøgd Bjørn Johny Holten.

Verkstadleiar Bjørn Johny Holten her flankert av mekanikarane Even Meisal og Espen Bredesen. Foto: B G Ansnes
– Ombygginga og «face liften» har teke nokre månader, og det har til tider vore kummerlege arbeidstilhøve, men vi har visst at resultatet til slutt vart bra, så da har det gått veldig greitt. No har vi moderne og lyse lokalar som vil gjere kvardagen mykje lettare, legg han til.
Verkstaden har blitt større og mykje lysare, så her vil nok både verkstadleiar Holten og dei to mekanikarane trivast.
Verkstaden er tilslutta Meca-kjeda og tek service på alle bilmerke, og dei tek service på både elbilar og bilar som går på fossilt drivstoff.
Nybil, men også mykje bruktbil
O M Grefstad og deira seljar i Surnadal sel nybilar av merket Opel, men dei driv også stort innafor bruktbil, og her sel dei alle slags merker.
– Av nye bilar selger vi kun elbilar, men når det kommer til bruktbil er det desidert mest biler med fossilt drivstoff, kan seljar Jon Olav Holten fortelje.
Han og dei andre ved avdelinga i Surnadal har lenge gledd seg til å kunne opne dørene og vise fram fram dei nyoppussa og lyse lokala sine.
Jon Olav Holten vil også skryte av Alti i samband med oppussinga. – De har vært med på å dra lasset, og det setter vi stor pris på, avslutta han.
Eigedomssjefen i Alti klipte snora
Eigedomssjef i Alti, Bergsvein Brøske, var «hyra» inn som snorklippar på kort varsel. Det var eigentleg Lars Ove Løseth som skulle ha gjort det, men han måtte til Oslo ein tur, kunne Brøske fortelje.
– O M Grefstad har vært med oss i mange år. Det handler om å ha et bredt tilbud, og det er ikke mange kjøpesenter som kan skilte med både bilverksted og bilutsalg. Det er vi stolte av, sa han.
– Vi var enige om at lokalene rett og slett var utslitte. Derfor var det viktig å få på plass en ny leieavtale og pusse opp lokalene. Nå blir de med videre i fem nye år, og det er vi svært glade for, la han til.
Brøske konstaterte at det er ikkje mange kjøpesenter som kan skilte med bilverksted i lokala sine.
Det er senterleiar, Lorentz Sæter, som har leia oppussingsprosjektet.
– Vi gleder oss til fortsettelsen. Det er en glede å ta O.M. Grefstad 2.0 videre, sier han.
Serverte grillmat til alle som kom innom
Roar Lillemo og Ole Christian Gulliksen frå Meca-kjeda serverte grillmat, for å markere «reopninga» torsdag. På menyen stod både hamburgarar og pølser i brød eller lompe.

Roar Lillemo og Ole Christian Gulliksen frå Meca-kjeda serverte grillmat til dei som kom på «reopninga». Foto: B G Ansnes
Mange tok turen innom for å sjå på dei nyoppussa og ombygde lokala, og kanskje vart det eit bilsal eller to også? Uansett ei fin «reopning» med god mat!
Da er O M Grefstad avdeling Surnadal godt rusta for mange år framover



